Prosjekt:

Konvertering av energikjelde for telekommunikasjon

 

Telenor har fullført eit prosjekt om konvertering av energikjelde for telekommunikasjon

 

Telenor Svalbard fekk i 2016 støtte frå Svalbard Miljøvernfond til eit prosjekt for å nyttiggjere seg av solkraft på fjelltoppstasjonen Skolten. Sidan då har ein installert 37 solcellemoduler med ein totalt effekt på 11,4 kWp. I 2022 produserte dette 10,8% av det totale energiforbruket på stasjonen og det reduserer det årlege forbruket av diesel med om lag 1500l. Isolert sett er gevinsten tilsynelatande liten, men det er ein veldig god start for vidare utbygging på Skolten, og har gitt mykje læring for vidare utnytting av fornybar energi både på Skolten og på andre anlegg tilhøyrande Telenor Svalbard. Med kunnskap frå dette prosjektet har ein blant anna bygd solceller på stasjonen på Vestpynten og seinast på det nye kontor- og administrasjonsbygget vårt i Longyearbyen. Telenor Svalbard sin kompetanse er også ettertrakta i Telenor Norge sitt arbeid med å få til ein grønare profil på sine installasjonar der fleire nye prosjekt er i startgropa.